Leppefisk - for å få kontroll på lusa

 

Også i år satsar AS Bolaks på at leppefisken skal vere med og halde kontroll med lakselusa.

 


– Vi har positive erfaringar med bruk av leppefisk, og vil normalt ikkje trenge andre avlusingsmiddel før felles våravlusing. Leppefisken held unna lusa heilt til fisken har stått eitt år i sjøen, seier formann Arild Legland, som er ansvarleg for lokaliteten Håvik i Fusa kommune. I tillegg til vårutsettet 2010 på Håvik blir det også lagt opp til bruk av leppefisk på tre andre Bolaks-lokaliteter; alle med haust 09 eller vår 10-generasjon.

 


Leppefisken vert fanga lokalt og for det meste er det bergnebb, grasgylt og grøngylt som vert nytta.

 

– Noko av leppefisken fangar me sjølv, men me kjøper også mykje fisk frå Erling Askvik og Ørjan Solberg. Dei er erfarne fiskarar som gjennom mange år har levert leppefisk av høg kvalitet, fortel Legland.

 


At leppefisken er ferdig med gyting, er av god kvalitet, vert handtert skånsam og er fri for sår, er nøkkelen til suksess. Bolaks har installert miljøtromlar på alle sine lokalitetar, brukt rett er disse eit utmerka verktøy for å halde nøtene reine til ein kvar tid. Vert det groe på nøtene vil ikkje leppefisken beite på lus, men føretrekk heller å ete småkryp som spøkelseskreps som den då får tilgang til.

 


– Leppefisk i nota krev ein ekstra arbeidsinnsats, men det sparar oss for både kostnadar og arbeid med anna avlusing, smiler Arild Legland nøgd.

 

Kundekonsulent Erik Sørheim stadfestar at Bolaks har valt rett strategi.

 


– Om ein i tillegg fôrar med EWOS boost i periodar, står fisken godt rusta til å stå imot lusepåslag. Og kjem det massive påslag til hausten som leppefisken ikkje maktar å halde unna, så er EWOS Releeze eit godt produkt. Medan leppefisken tek den store lusa, vil Releeze ta seg av lus i fastsittande og preadulte stadier.

 

 

Relatert:

Logg inn på kundetorg >>
Forum arkiv >
Solstrandmøtet 2012

Det tradisjonsrike solstrandmøtet går av stabelen fredag 3. februar - for 24. gang!

Les mer>> >>
Historisk høy oppslutning på Nyttårsmøtet

Det tradisjonsrike Nyttårsmøtet ble 13. januar avholdt for 19. gang, i år med rekordmange påmeldte - til sammen 250!

Les mer>> >>